Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus andre brev til tessalonikarane

Paulus’ andre brev til tessalonikarane

1. kapitlet

1 Paulus og Silvanus og Timoteus til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus:

2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!

3 Me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som sømelegt er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken til kvarandre vert større hjå kvar og ein av dykk alle,

4 so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut -

5 eit fyrebod um Guds rettferdige dom - for at de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for,

6 so sant som det er rettferdigt for Gud å gjeva deim trengsla att som trengjer dykk,

7 og gjeva dykk som vert trengde, ro med oss når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,

8 med logande eld, når han tek hemn yver deim som ikkje kjenner Gud, og deim som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium,

9 dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burt frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom,

10 når han kjem på den dagen for å syna seg herleg i sine heilage og underleg i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru.

11 Difor bed me og alltid for dykk, at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui,

12 so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i honom, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde!

2. kapitlet

1 Me bed dykk, brør, vedkomande vår Herre Jesu Kristi tilkoma og vår sameining med honom,

2 at de ikkje so snart må lata dykk villa burt frå vitet eller skræma, korkje ved nokor ånd eller ved nokon tale eller ved noko brev, liksom det skulde vera frå oss, som um Herrens dag alt stod for døri.

3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! for fyrst lyt fråfallet koma og syndmenneskjet verta openberra, fortapingssonen,

4 han som set seg imot og upphøgjer seg yver alt som heiter Gud eller heilagdom, so han set seg i Guds tempel og gjev seg sjølv ut for å vera Gud.

5 Minnest de ikkje at eg sagde dykk dette medan eg endå var hjå dykk?

6 Og no veit de kva som held att, so han fyrst skal verta openberra i si tid.

7 For løyndomen i lovløysa er alt verksam, berre at den som no held att, vert rudd undan;

8 og då skal den lovlause verta openberra, han som Herren Jesus skal tyna med sin munns ande og gjera til inkjes ved openberringi i si tilkoma.

9 Og hans tilkoma gjeng fyre seg etter Satans kraftige verknad med all kraft og teikn og under av lygni,

10 og med all dåring av urettferdi for deim som vert fortapte, av di dei ikkje tok imot kjærleik til sanningi, so dei kunde verta frelste.

11 Og difor sender Gud deim kraftig villfaring, so dei trur lygni,

12 so alle dei skal verta dømde, som ikkje hev havt tru til sanningi, men havt hugnad i urettferdi.

13 Men me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som er elska av Herren, for di Gud frå upphavet tok dykk ut til frelsa ved helging av Anden og tru på sanningi,

14 som han kalla dykk til ved vårt evangelium, til å vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.

15 Difor, brør, stat traust og hald fast ved dei lærdomar som de hev lært anten ved vår tale eller ved brev frå oss!

16 Men han vår Herre Jesus Kristus, og Gud, vår Fader, som elska oss og gav oss ei æveleg trøyst og ei god von i nåde,

17 han trøyste dykkar hjarto og styrkje dykk i all god gjerning og tale!

3. kapitlet

1 Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og syna seg herlegt liksom hjå dykk,

2 og at me må verta utfria frå dei uliklege og vonde menneskje; for trui er ikkje kvar manns sak.

3 Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.

4 Me hev den tiltru til dykk i Herren, at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk.

5 Men Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod!

6 Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de held dykk frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdom som de fekk av oss.

7 For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me livde ikkje uskipeleg millom dykk;

8 og me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag, for at me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla,

9 ikkje for det at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss;

10 for då me var hjå dykk, baud me dykk og dette, at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta.

11 Me høyrer nemleg at sume ferdast uskipeleg millom dykk, so dei ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem deim ved.

12 Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus, at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.

13 Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som godt er!

14 Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk honom; hav ikkje samkv me med honom, so han må blygjast!

15 og haldt honom ikkje for ein fiende, men påminn honom som ein bror!

16 Men han, fredsens Herre, gjeve dykk fred alltid i alle måtar! Herren vere med dykk alle!

17 Helsing med mi, Paulus’ hand, som er eit merke i kvart brev. Soleis skriv eg:

18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024